Trykk “Enter” for å komme videre

Det enklaste er opprusting

I barndommen var det ein nabogut som støtt var noko vrien å ha med å gjere. Han klarte ikkje alltid å henge med i leiken, og hemna seg då på ulike vis. Ein bølle kan ein seie. Dagen etter kor ein leik hadde gått gale nok ei gong, leika eg og ei nabojente saman, og me kom over nokre plankestubbar. Men fann då ut at me skulle bygge eit bombefly, og bombe han. Me mangla spiker og hammar, og gjekk for å finne det, men då dukka det opp noko anna i staden, og me gløymde det med bombeflyet. Ein kan seie at dette var min fyrste tanke om opprusting.

No tenker dei fleste på opprusting. Ein har ikkje plankestubbar til råde, men kor mykje pengar som helst. Etter at Russland gjekk til åtak på Ukraina, og øydelegg landet med våpen, har dei fleste no funnet ut at det beste er å ruste opp. Altså skaffe verda enda meir våpen. Det skal ein då ha om Russland gjeng til åtak på det landet ein sjølv bur. Eller meninga er at dei ikkje skal brukast, ein skal berre avskrekke Russland så dei ikkje gjeng til åtak. No har vel ikkje Russland hatt nokre tankar om å gå til åtak på Noreg, men no kan ein ikkje vite lenger. Og kjem dei, så skal ein bruke alle desse våpena. Berre så dei veit det.

Av alle økonomiske investeringar er det å investere i våpen noko av det dårlegaste ein kan gjere. Anten så får ein aldri bruk for dei, og det er bortkasta pengar, eller, om ein får bruk for dei så skapar dei liding, elende og daude og økonomisk katastrofe.

Grunngjevinga for å investere i våpen, på båe sider, er at den andre utgjer ein eller anna trussel. Det er alltid den andre som er den vonde, og som vil angripe, okkupere og undertrykke og tvinge på noko som ein ikkje vil ha. Dette er noko som berre må aksepterast av alle. Dei som ikkje aksepterer dette, går fiendens ærend, og har vore utsett for motpartens propaganda. Slik er det på båe sider nett no.

Ein skal ikkje sjå ting frå den andre sida. Ein skal sjå ting frå si eiga side, og halde seg til det. Hadde eg sett ting frå andre sida i barndommen, hadde eg sett ein nabogut som mista faren sin då han berre vare eit par år gamal. Han hadde drukna. Det var vanskeleg for han å akseptere, og han hadde gått rundt huset heime og ropt på far sin. Han vaks opp som den minste av 4 born, med ei heimeverande mor. Dei hadde det ikkje lett, men var det min feil?

I går trefte eg på han att. Eg hadde ikkje treft han på fleire årtider. Han var vertskap ein plass eg skulle inn og gjere ein jobb. Han var svært opptatt av å ta seg av meg, syne meg kor eg skulle og hjelpe til på ulikt vis. Me preika litt fram og attende, og jobben gjekk bra. Eg tenkte det var greitt at meg og nabojenta ikkje hadde bomba han. Det hadde vore noko ugreitt. Det kan jo være ein ide at om ein får lyst til å ruste opp, kjem på noko anna, for eksempel å tørre å sjå ting frå andre sida, og kan hende løyse ting på anna vis. Men sjølvsagt, det enklaste er jo å ruste opp. Det er jo det.

Vær den første til å kommentere

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Mission News Theme by Compete Themes.