Trykk “Enter” for å komme videre

Haugå Landhandel

Bygland kommune ligg i periferien, men i sentrum av Agder. Betre kan det ikkje bli. Bygland kyrkjebygd har to butikkar, to matbutikkar. Betre kan det ikkje bli det heller. Den eine har alt mogeleg. Den andre har tilbod på alt mogeleg.

Den eine er ein Joker-butikk. Ein kan ikkje sjå han frå hovudvegen, så der er det mest fastbuande og kommunalt tilsette som handlar. Butikken har støtt så mange gode tilbod, at det kan være lurt at han ikkje er synleg frå riksvegen, så får me lokale ha tilboda i fred.

Den andre butikken, Haugå Landhandel, er godt synleg frå riksvegen. Han ligg berre 5 meter frå. Det er ein liten butikk. Litt større enn ei Brustadbu, og litt mindre enn eit bedehus. Det er ein landhandel av den gamle sorten. Dei har ikkje alltid akkurat det du ser etter, men dei har samstundes alt mogeleg.

Då eg nett hadde flytta til Bygland, trong eg ei stor hagesaks. Eg drog til handelssenteret Evje 3,5 mil unna, og kjøpte ei høveleg ei. Då eg kom innom landhandelen eit par dagar etter, såg eg i hylla at dei hadde same type hagesaks der. Innehavaren sa det var meininga å ha litt av alt mogeleg for å hindre handelslekkasje. No hadde lekkasjen alt skjedd, men holet vart tetta til neste gong.

Ei veke seinare skulle eg kjøpe skolisser til skeisene. Eg gjekk sjølvsagt til Haugå og kika i hyllane, men lissene dei hadde var alle for korte. Eg spurde ho bak disken, om dei ikkje hadde nokre lengre. Nei, dei hadde ikkje lengre, men kunne eg ikkje kjøpe to par, og så knyte dei saman?

Sjølvsagt kunne eg det. Det hadde eg ikkje tenkt på. Det var ei opplagt løysing. Det enda med ein lukkeleg handel for båe partar. Eg fekk skolisser til skeisene, og ho fekk seld to par skolisser, i staden for eitt. Det var også ein anna fordel med kjøpet. Ingen kjem nokon gong til å forveksle sine skeiser med mine skeiser med brunspragla samanknytte lisser på.

Nokre dagar seinare skulle eg kjøpe ei dobbeltseng. På veg til Evje, kom eg på at eg hadde gløymd å sjekke på Haugå. Eg hadde aldri sett noko seng der, og tenkte at dei kunne umogeleg ha noko slikt i hylla. Eg kjøpte på Evje.

Dagen etter trefte eg på innehavaren på Haugå og spurde om seng. Det var rett. Dei hadde ikkje dobbeltseng, men dei hadde hengekøye. Det kunne ha vore eit alternativ, men hengekøye hadde eg frå før. Sidan eg allereie hadde kjøpt dobbeltseng, vart det heller ikkje noko av å kjøpe ei hengekøye til, og lage dobbelthengekøye.

Når landhandelen ikkje nett har det du leiter etter, så har dei kanskje det du eigentleg leiter etter, ei oppdaging, noko du hadde gløymd var mogeleg, ei uventa glede. Neste gong du leiter i dei store butikkane etter noko, og ikkje finn det du leiter etter. Prøv ein landhandel. Du finn det kan hende ikkje der heller, men du kjem fort nøgd og ferdighandla ut att.

Vær den første til å kommentere

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Mission News Theme by Compete Themes.