Trykk “Enter” for å komme videre

Runesteinsmysteriet på Bygland

På Bygland ligg det truleg 2 runesteinar ein stad ingen veit om.

Dei to bortkomne runesteinane vart registrera i Bygland i 1639. Då reiste Thomas Cortsen Wegner, biskop i Stavanger stift, rundt i bispedømet og registrera runesteinar etter oppmoding frå Universitetet i København. Wegner kom då til Bygland, og fann her 2 runesteinar.

Men her var 3. Det var ein runestein han ikkje fann. Den vart oppdaga seinare, i 1881, av Lars Liestøl, den kjende Stortingsmannen frå Bygland, som då var lensmann. Han fann steinen i trappa til sakristiet til Årdal kyrkje. Den vart teken vare på og står no utafor kyrkja mot riksvegen.

Den har ein innskrift som ein knapt kan sjå lenger, men som er tyda til «Hjalpi God ondu…» (Gud hjelpe (N.N. si) ånd).

Då Wegner var i Bygland fann han dei 2 steinane på den gamle Prestegarden i Bygland, rett søraust for kyrkja, omtrent der det gamle lensmannshuset står no. Prestegarden finst ikkje lenger. Den forfall med åra, vart fråflytta av presteskapet, og brann ned i 1867.

Dei to steinane hadde båe vore innmura i skorstein. Den eine var framleis nytta til dette, medan den andre låg i «H Jacobs byglands gaard som alle mand treer der paa». (Jacob var soknepresten i Bygland, så dette var altså på prestegarden.)

I «Norges innskrifter med de yngre runer» utgjeven av Magnus Olsen i 1954 står det som kommentar til den liggande steinen: «Den har da sannsynleg – efter tidligere å ha vært innmuret i en skorsten – ligget som dørhelle foran ytterdøren på prestegården, og det er trolig at den er blitt tilpasset for dette siste formål derved at et stykke er hugd av den i nederenden.»

Wegner teikna kva som var skriven på steinane, og på den liggande steinen såg det slik ut:

«þorleifr Stálasunr reisti stein eptir Ólaf Erlendssun á Bygglandi» (Torleiv Stålason reiste stein etter Olav Erlendsson på Bygland).

At det står «på Bygland» tyder på at Olav var kjend langt utanfor Bygland sine grenser, og at Bygland kan ha vore ein viktig stad på 1000-talet. Det var berre mektige menn som fekk reist runesteinar etter seg, og dette har vore ein reist bautastein frå om lag 1020. Med bakgrunn i tidfestinga av ulike lokale funn, kan det hende denne Olaf har vore ein samtidig med stormannen som åtte Langeidsverdet, han som åtte eit sverd funnen på Frøysnes, samt Bjor som er omtala på Galtelandssteinen, og som reiste og slåst med Knut i England. Kan hende hadde alle desse 4 dølane vore på felttog utafor landet sine grenser.

På den andre steinen, som var om lag eit par hundre år yngre, frå høgmiddelalderen, sto det ein tekst som synte at kristendomen hadde kome og fått steinfeste i Bygland.

«Guð hjalpi sál Magnhildar» (Gud hjelpe Magnhilds sjel)

Wegner ikkje berre teikna kva som sto på steinane, han måla dei opp òg, og slik var storleiken: Magnhildsteinen: 3 alen lang, 1 alen bred og 1 kvarter tykk. (omlag 2m x 0,7m x 15 cm) Olavsteinen: 2,5 alen lang, 3 kv. og ½ kv. (omlag 1,6m x 0,5m x 8cm)

Denne registreringa frå 1639 er siste gong steinane vart dok umentera. I 1870, over 200 år etter, ville runologen Sophus Bugge undersøkje meir om desse steinane. Han skreiv til soknepreset Visnes i Bygland, men fekk til svar «ikke…noget heldigt Utfald af Undersøgelsen af den angivelige Runesten.» (Det er usikkert om kva for ein av desse to steinane dette gjaldt.)

Steinane må, slik som mange andre runesteinar i landet, ha kom bort i mellomtida, i dette tilfellet mellom 1639 og 1870. Dei var attraktive til bygg av ymse slag, og kom nok vekk på den måten. Den velkjende Galtelandssteinen på Evje vart til dømes i si tid funnen innmura i ei pipe.

Magnus Olsen skriv i boka om Norges innskrifter om Olavssteinen: «Det føles som et stort tap at Bygland-stenen ikke er bevart. Det har været en anselig sten med tiltalende proporsjoner, og den har stått der som representant for en storgård – med kirke – i en betydelig bygd.»

Arkeolog Jan Henning Larsen som har arbeidd mykje med Setesdal skriv i ein e-post: «Steinene må jo ha vært knyttet til kirkegården på Bygland og kan umulig være fraktet langt. De kan ligge i grunnmurer, skorsteiner og dørterskler, men også i steingjerder og som klopper over bekker. Jeg har tenkt litt på kirkegårdsmuren også. Slike steiner er jo ypperlige byggematerialer.»

Kor kan så dei 2 byglandssteinane har gjort av seg? Så store som dei er, har dei neppe kome langt. Wegner skreiv at dei var av «graa sten». Om dei er like heile, om ein framleis kan sjå skrifta, og om dei er like grå er uvisst, men det veit ein ikkje. Ikkje før dei er funnen, om dei i det heile vert funnen att.

Vær den første til å kommentere

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Mission News Theme by Compete Themes.