Trykk “Enter” for å komme videre

Kompensasjonsturen

Når ein får kompensasjon frå staten fordi oppdraga vert borte, ja så kan ein vel taka på seg anna oppdrag. Ein får jo betalt. Det er berre å melde seg på Friviljugsentralen.

Kan du køyre nokon som skal vaksinerast? Det er to personar. Å, ja, ektepar? Nei, dei er venninner. Så dei er ikkje i same husstand? Nei, dei er venninner. Dei kan sitte saman.

Eg har fått munnbind utdelt, men seier god dag utan. Då ser dei andletet mitt, at eg smiler, og kan lett forstå kva eg seier. Så tar eg munnbindet på. Ho eg hentar fyrst gjeng med rullator, ho andre med stav. Godt ein fekk springe i heia i yngre år. Dei kan taka seg god tid no, med god samvit.

Ja, dei visste nok kven eg var. Du er nyinnflytta, og ja, var det ikkje du som dreiv med skodespel, og til og med nokon gonger hadde på deg slik raud lebestift? Ja, eg måtte medgje det. Ja, dei hadde nok sett meg då eg spelte på Ungdomshuset for snart 20 år sidan. Så var eg plassera. Det var dei og, trygt i baksetet.

Me var tidleg ute og køyrde sakte. Og me røa i veg til me kom til sentrum. Dei bygger eit lite boligkompleks rett ved kyrkja. Ja, det er vel en grei plass det? Ja, eg veit ikkje, seier rullatorkøyraren, det er jo rett ved kyrkjegarden. Eg tykker det er noko ugreitt. Men det var som ein sa, sa stavgangaren, du kan ikkje få betre og greiare naboar.

Er det lenge sidan de har vore i sentrum? Å, det var vel tre veker sidan, då me tok den fyrste sprøyta. Har ikkje du vore her sidan, stavgangar, du som vel ikkje har nokon å handle for deg? Eg har nokon å handle for meg, svara ho. Kva ska eg her i sentrum å gjere?

Nei, kva skal ein gjere her i sentrum? Det er jo berre butikkar og kommunehus. Me køyrer til heimen.

Etter tre kvarter var dei ferdig vaksinera, oppfylgde og klare til returen. Kvar skal eg køyre de no, spurde eg, på fest? Nei, ikkje på fest, sa rullatorkøyraren. Så fullførde ho: Me får vente ei veke.

Me nærma oss heimstadane, og køyrde forbi eit hus kor ein lækjar nett hadde flytta inn. Ja, no har ein lækjar flytta inn i nabolaget her, sa eg, nå har de kort veg til legehjelp, det er berre å rope ut av vindauget. Ja, nå har me alt me treng, sa rullatorkøyraren, både lækjar og skodespelar. Og så lo de frå baksetet, og det var ikkje fyrste gong på turen.

Ein tur som ikkje lenge etter var over, og som er eit lite svar på kva ein kompensasjon til ein kulturarbeidar kan føre til.

Vær den første til å kommentere

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Mission News Theme by Compete Themes.