Trykk “Enter” for å komme videre

Om Bygland sine mange kyrkjebygg

Bygland er ein kommune på Agder. Han har under 1200 innbyggarar, og det har vore minkande folketal i mange år. Men ein ting vert det ikkje færre av, kyrkjebygg. I Bygland kommune er det heile 6 stykke. 4 kyrkjer, eit kapell og eit klokketårn.

Det er ikkje så lett med alle desse kyrkjebygga. Det kostar å halde dei opne, dei har små kyrkjelydar, men det mest utfordrande er kan hende namna.

Dette fekk sjølve biskopen erfare på visitas, han som er øvste leiar for verksemda i alle desse bygga. På eit kveldsmøte i Bygland skulle han seie at han kom attende til sundag for å ha gudsteneste, og sa det skulle være i Åraksbø kyrkje. Sandnes, vart det ropa frå salen. Orsak, sa biskopen, gudstenesta skal være på Sandnes. Nei, ikkje på Sandnes, i Åraksbø, vart det ropa frå salen. Ja, .. i Åraksbø i Sandnes, sa biskopen. Nei, nei, nei, sa det frå salen, og så måtte leiaren i soknerådet kome inn og avklare.

Saka er den at Sandnes kyrkje i 1935 vart flutt frå Sandnes til Åraksbø av di det var der dei aller fleste i soknet då budde. Men sjølv om ho vart flutt skifta ho ikkje namn. Difor ligg Sandnes kyrkje i Åraksbø. Det er altså ikkje noko som heiter Åraksbø kyrkje. Etter at den gamle kyrkja vart flutt frå Sandnes, kom det opp ei ny mindre kyrkje på staden. Men den kunne sjølvsagt ikkje heite Sandnes kyrkje. Sidan det er ei mindre kyrkje, fekk den difor namnet Sandens Kapell. Så det er altså to kyrkjebygg som heiter Sandnes i Bygland. Kapellet ligg på Sandnes, medan kyrkja ligg i Åraksbø.

På Tveit ligg det òg ei kyrkje, men den heiter ikkje Tveit, men Austad. I samband med oppføring av ny kyrkje i 1880 vart kyrkjestaden flutt frå Austad til Tveit, men namnet på denne kyrkja vart heller ikkje endra. På Austad kom det òg opp eit nytt kyrkjebygg etterpå, men det er ikkje ei heil kyrkje. Det vart oppført eit klokketårn, som det var meininga etter kvart skulle verte til eit kapell. Men så kom ein ikkje lenger. Det heiter likevel Austad kapell, men det er i utsjånaden berre eit klokketårn. Men det kan brukast som kapell. Uansett, det ligg i alle høve på Austad.

Årdal kyrkje låg i Årdal, men det gjer ho ikkje lenger. Då trur du kan hende at kyrkja er flutt, men det er ho ikkje. Her ligg kyrkja på same staden som ho alltid ha gjort, men her er stadnamnet vorte borte. Namnet Årdal gjekk ut av alminneleg bruk i mellomalderen, då garden Årdal, som kyrkja er oppkalla etter, vart delen opp, og gardsnamnet forsvann. No ligg kyrkja i Grendi, eller Grenda, som er den lokale seiemåten. Men ho vert uansett framleis heitande Årdal kyrkje, og soknet heiter framleis Årdal. Men det er ikkje noko namn på kartet, berre på kyrkja.

Den einaste kyrkja som har same namn som staden den ligg, er Bygland kyrkje. Det er då godt sidan det er hovudkyrkja. Dessutan er sjølve Bygland kommunesenteret og vert difor nemnd kyrkjebygda. Bygland kyrkje ligg altså i Bygland kyrkjebygd. Men heller ikkje her er det utan mogeleg ugreie. Her må folk som talar bokmål være merksame, for om dei seier Bygland kirke, og ikkje Bygland kyrkje, vil nokre lokale målfolk seie at Bygland kirke ikkje ligg i Bygland kyrkjebygd. Ho ligg i Bygland ja, men ikkje i Noreg, men i USA, i tettstaden Bygland i Minnesota, der det ligg ei kyrkje som vert nemnd Bygland kirke. Soleis er det. Er det ikkje noko med stadnamnet er det noko med byggnamnet, eller med noko anna.

Alle desse kyrkjene i Bygland kommune har vorte haldne opne, trass stadig minkande folketal og kyrkjelyd, heilt fram til no. No er Austad kyrkje på Tveit nemleg stengd. Ikkje grunna at det ikkje var nokon som ville ha ho ope, men av di det elektriske anlegget ikkje vart godkjend av brannvesenet. Det vart det bråk av. Eit påskot til å stengje meinte folk. Kyrkja er altså stengd, men kyrkjegarden er det ikkje. Den er open for alle som vil nytte han. So har det vorte.

Det er litt synd at akkurat denne kyrkja vert stengd, av di ho har ein heilt framifrå akustikk. Det har vorte stadfesta av fleire musikarar som har spelt i ho. Så no er dei kyrkjebygga i Bygland som har dårlegast akustikk framleis opne, medan ho som har best akustikk er stengd. Det høyrest ikkje bra ut.

Eit kyrkjebygg er til for at folk skal finne ro, glede, trøyst og von, men det er ikkje så lett i Bygland. Det vert på ein måta ulage same kva som skjer, og jamvel òg om det ikkje skjer noko i det heile. Har ein bygga ope, er det så lite folk at det mest er stilt, og vil en stengje vert det bråk. Men når det no først er bråk, kvifor ikkje nytte høvet til å gje kyrkjene namn etter staden dei ligg på, og opne opp att Austad kyrkje som Tveit Kulturkyrkje? Bygland har nemleg ikkje eit einaste kulturhus.

I så høve må ho fyrst verte avvigsla, og det er vel biskopen som må gjere, om han finn fram til rett kyrkje då.

(Tekst sto fyrst på prent i Dag og Tid, nr. 15, fredag 12. april 2024)

4 Kommentarer

  1. Gudmund Pedersen Gudmund Pedersen 14. april 2024

    Etter at den gamle kyrkja vart flutt frå Sandnes, kom det opp ei ny mindre kyrkje på staden. Men den kunne sjølvsagt ikkje heite Sandnes kyrkje. Sidan det er ei mindre kyrkje, fekk den difor namnet Sandens Kapell.
    Jeg ble litt forvirra her, er det Sandens kjøpesenter i Kristiansand som er blitt til kapell?

    • Olav Grendstad Olav Grendstad Artikkelforfatter | 18. april 2024

      Nei, ikke ennå iallefall. Det er dessuten forskjell på Sandens og Sandnes. Mulig du og biskopen blander litt der, men det går stort sett greit. Beste hilsen fra Bygland sokn.

  2. Oddvin Uldal Oddvin Uldal 14. april 2024

    Artig å lese om kirkene i Bygland, ikke rart Biskopen gjekk i surr.

  3. Oddvin Uldal Oddvin Uldal 14. april 2024

    Artig å lese om kirkene i Bygland, ikke rart Biskopen gjekk i surr.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Mission News Theme by Compete Themes.