Trykk “Enter” for å komme videre

BankID på 1 – 2- 3

Eg skulle avslutte kundeforholdet hos den banken eg bruka før eg flytta til Bygland. Då det vart avslutta, fekk eg melding om at BankIDen min òg vart avslutta, sjølv om det var den same eg hadde nytta i den nye banken.

Så måtte eg tinge ny kodebrikke i den nye banken då. Den kom i posten etter nokre dagar. Eg logga meg på utan BankID, og fann fram i nettbanken til der eg kunne få ny. Der fekk eg opp ei melding om at eg ikkje hadde legitimasjonen i orden.

Eg melde ei gåmål kjenning. Ho hadde jobba i banken der, og visste vel kva som var problemet. Nei, det var ikkje noko problem. Ho sende meg ein link til ein kort video om korleis ein kunne legitimera seg heimanifrå.

Eg såg filmen. Det var med ein fyr som tala rogalandsdialekt. Han synte korleis ein tok fram passet, skanna både det og QR-kode og så bortetter. Det såg slitsamt og dillete ut. Eg melde med bankdama om det ikkje heller var ein film om korleis ein kunne køyre 35 km frå Bygland til bankfilialen på Evje, og syne passet der? Nei, kva var det for noko tull?

Eg spurde då om dei ikkje kunne gjenopne filialen dei hadde på Bygland? Lokalet låg der enno, dessutan var noverande bank resultatet av ei samanslåing, kor Bygland Sparebank hadde gått inn. Nei, det tykte ho var enda meir tullete. Eg måtte skjerpe meg.

Eg fann passet og fylgde prosedyrane. Legitimasjonen vart send til banken automatisk. Då eg gjekk inn og skulle tinge BankID att, fekk eg same meldinga. Eg var ikkje ordentleg legitimera.

Eg sat der med fleire rekningar som skulle vore betala, og eg kom fanden inkje inn. Eg melde med bankdama att. Ho meinte det skulle vore i orden.

Eg var på kontoret då, og måtte køyre heim og hente passet, og gjere det ei gong til. Det hadde vel skjedd ein teknisk feil då.

Eg bur mot toppen av nokre lange bakker, og den dagen hadde det vorte mildvær med underkjøla regn, slaps og slikt. Eg køyrde og spant meg sakte oppover. Då eg nærma meg huset, kom det ein postbil imot.

Posten skal vel fram, men eg kunne fanden inkje stogge. Då ville eg ikkje kome lenger. Postbilen hadde heldigvis kjettingar på, og sjåføren rygga kjapt nokre meter, så eg fekk svinga meg inn på ein avkøyrsel 100 meter heimanifrå.

Eg kom ikkje vidare frå avkøyrsla. Eg fekk gange dei siste metrane då og hente passet. Eg sende melding til naboen om at eg kom til å sperra innkøyrsla i 5 minutt. Etter å ha gått nokre meter kom eg på at ho som budde der jobba i ambulansetenesta, og om ho var på vakt, så hadde ho berre 5 minuttar på å kome seg heimanfrå og ned til stasjonen.

Eg tenkte at så uheldig kunne det ikkje bli, at ho var på vakt akkurat denne veka, at ho var heime, og at alarmen skulle gå akkurat no. Eg skunda meg å henta passet, og hasta nedover att. Jovisst. Der sto ho med bilen. Innesperra. Og ho hadde vakt, og ho kom seg ikkje ut.

Det var heldigvis ingen alarm. Ho skulle berre hente pakka frå posten. Sjølvsagt. Men alarmen kunne gå når som helst.

Eg fekk bilen ut att, og køyrde ned til kontoret. Same prosedyre med pass og skanning, og sende inn. Alt var send til banken, og eg gjekk til bestilling av BankID. Nei, ikkje godkjend legitimering.

Eg ringde banken. Etter mykje fram og attende, (han i aire enden var nytilsett), fekk eg til slutt melding om at passet dei hadde registrera på meg var gått ut i 2009, så eg måtte møte opp i banken, og legitimere meg på nytt.

Eg melde med bankdama og takka for ikkje noko, og sa at eg kunne gjerne heller ha sett ein video om korleis eg køyrde frå Bygland til Evje for å syne passet. Nei, det tykte ho ikkje var naudsynt å lage. Altfor smalt publikum. Men kva med ei lita gjenopning av filialen? Nei.

Neste dag køyrde eg til banken på Evje. Der var det sjølvsagt stengt pga. Covid-19. Det sto heldigvis nokre telefonnummer i vindauget, skriven med sprittusj, men dei var leselege.

Eg ringde, og kom så på at eg hadde jo munnbind på. Eg måtte vel taka det av når eg tala i telefonen, elles så ville dei vel ikkje høyre kva eg sa. Ikkje akkurat noko godt utganspunkt for legitimering. Eg hadde eine handa fri, så eg fekk lirka bindet av, så det berre hang i aire øyra, det eg ikkje bruka til telefonen. No ville dei høyre kva eg sa, men i tilfelle stusse på kva dei såg.

Den fyrste tok ikkje telefonen, det aire nummeret var til Kristiansand, men på det neste fekk eg svar. Ein kar hoppa brått fram og opna med ei gong, og fekk skanna passet mitt og ordna med legitimering. Då skulle det være klart.

Då eg kom heim logga eg meg inn, og skulle tinge BankID. Feil med tinginga sto det. To gonger. Eg ringde bankmannen att. Nei, det var nok mest sannsynleg teknisk feil. Det hadde vore noko av det den dagen. Eg kunne freiste om ein time eller to.

Javel. Tida gjekk. Eg såg på rekningane og filosoferte litt over livet og nedlagde filialar. Så logga eg meg på att. Eg kom gjennom. Jauvisst gjorde eg det. Kvifor skulle eg ikkje det? Det ordna seg, og rekningane vart betala.

Det tok nokre dagar dette, men hadde eg lesa den lange leksa om «Avtalevilkår for PesonbankID», som eg signera på at eg hadde, så hadde det nok tatt ein dag til.

Men no har eg altså fått meg ny BankID. Kva BankID eigentleg er, er eg ikkje heilt sikker på, men no er det i alle fall i orden.

 

Vær den første til å kommentere

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Mission News Theme by Compete Themes.