Trykk “Enter” for å komme videre

Ingen trekkspelkonsert for Ukraina

Det kom ei melding frå Geir i innboksen, om me ikkje kunne ha ein liten auksjon med nokre av bilete hans, og få inn nokre pengar til hjelpearbeidet i Ukraina. Jau, det kunne me vel. Men det kunne vel òg være fleire som ville være med? Og om ein skal ut i krigen om folk sine pæning, så lyt ein òg ha med seg geriljaen. I Bygland gjeng den under namnet Bygland Husflidslag. Då dei var klare, og bygdeteknikaren og kulturscena òg var klare, då trong me ikkje tenkje meir på det. Då var det berre å byrje å krige om folks verdiar.

Ein lokal kunstnar melde seg med eit måleri. Då ville ein annan kunstnar ikkje være dårlegare, og heller ikkje ei tredje. Etter det kom det meldingar frå alle kantar. Folk kom med bøker, lappeteppe, honning, fotografi, vedsekkar, belte, matkasser, stolar, benkar, komper, kister, gåvekort til matbutikk, frisør, fotterapeut, dyrlege, bakeri og fuglejakthelg, og godteri send i posten frå Japan.

Mange gjekk og tenkte på kva dei kunne bidra med. Ein lokal musikar foreslo i ei spøkefull tone at han kunne auksjonere bort ingen trekkspelkonsert. Altså at den som fekk tilslaget skulle sleppe å få ein slik konsert. Musikaren var god nok til å halde ein, men dette kunne være eit fint alternativ for dei som hadde nok frå før, og som ikkje likte trekkspelmusikk.

Ein slik idé vert som regel berre ein idé. Det skal noko til å for å finne den rette vegen vidare i balansen mellom det absurde og fornufta. Etter nokre dagar opna den vegen seg, og då dette kom ut på nettet som auksjonsobjekt, skjedde det noko. Folk byrja å by før me hadde opna for det, og nyhenda spreidde seg raskt. Me måtte berre opne for bodgjeving med ei gong. Fyrste bod var på 300,-. Så kom det eit på 1000,-. Det vart bodkrig.

Medan krigen pågjekk kom NRK Sørlandet på saka, og fekk musikaren til morgonintervju på radio. Dei tok òg den halvanna time lange turen opp til hendinga, òg sendte direkteinnslag frå aksjonen på TV, der musikaren igjen måtte gjere greie for seg. Dagen etter kom det igjen på morgonsendinga, og ein av Noregs mest populære instagramkontoar fekk det òg med seg til stor åtgaum.

Til samen kom det sigande inn om lag 200.000,- på basar, auksjon, kafèsal og reine gåver. Tilslaget på ingen trekkspelkonsert gjekk til ein som hadde bydd 2500,-. Det var musikarens bror, som budde på austlandet, men som ville sikre seg. Nokre gonger kan ein aldri få gitt nok for å hjelpe, og andre gonger er det best å ikkje gje noko i det heile, som til dømes ingen trekkspelkonsert for Ukraina

Vær den første til å kommentere

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Mission News Theme by Compete Themes.