Trykk “Enter” for å komme videre

Avisa Setesdølen avslørar

Avisa Setesdølen kjem i dag med ei avsløring på framsida. Ikkje frå den store ville verda der ute, men frå eit av årets jolehefter. Avisa kan avsløre at den kjende, iallefall for tilårskomne folk, tekneseriefiguren Smørbukk, har fått seg kjærast. I overskrifta på førstesideoppslaget stend det nemleg: «Smørbukk har fått kjærast», og under eit bilete av sjølvaste Smørbukk med kjærasten, ei fager kvinne med lyst hår og grøn genser.

I underteksten til oppsalget stend det ikkje så mykje meir om saka: «I år har Smørbukk også skaffa seg kjærast!», men der visast det til side 2 for meir om saka.

Om ein ventar seg nokre spanande avsløringar inni bladet, vert ein skuffa. Der stend det mest om andre ting, og om denne saka ikkje noko bilete og berre ei stadfesting : «Smørbukk har endåtil fått kjærast i den nye forteljinga.»

Å skrive om slikt kjærestestoff som dette er nok ikke avisa sterke side, men me kan iallefall etter å ha lese oppslaget, både på framsida og på side 2, slå sikkert fast, at Smørbukk i år har fått seg kjærast.

Vær den første til å kommentere

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Mission News Theme by Compete Themes.