Trykk “Enter” for å komme videre

Setesdølar i fyr og flamme

Kva er det med brannmenn? Kvifor vert dei alltid heltar? Om eit hus får store brannskadar, eller brenn halvvegs ned, så har brannfolka alltid gjort ein heltemodig innsats. Om huset brenn heilt ned er soga at det var ingenting brannmannskapa kunne gjere.

Kva med ambulansepersonell, sjukepleiarar, lækjarar, politifolk, Raude Krossen, hjelpepleiarar, eller lærarar? Dei har det ikkje slik, berre enkeltvis i ny og ne ei sjeldan gong. Det er individuelt. Men brannfolk? Dei er heltar, alle som ein.

Om ein mann jobbar som gartnar i ein kommune og vatnar blomar, så vert han sett på som ein halvslapp kommunearbeidar. Om den same mannen ein halvtime etter står i brannuniform i same positur og spyler vatn på ei brennande løe, så er han ein helt. Slik er stoda.

Er det noko med kleda? At dei må gå i dei tjukke draktene, med hanskar, støvlar og hjelmar? Er det noko med at det dei gjer nokon gonger er farefullt? Eller er det rett og slett det at en seier dei er heltar, så slepp ein unna å gje dei høgare lønn, nett som med å applaudera for helsepersonell?

Det er bråk i Setesdal Brannvesen, avdeling Valle og Hylestad. 15 av 16 seier opp. No har styret og trekt seg. Snart melder vel óg eventuelle brannstiftarar at dei kastar inn fyrstikkene.

La det være klårt. Det er ikkje overraskande at det er bråk og krangel i Valle og Hylestad. Hylestad var før ein egen kommune, noko som er ein del av det oppskrapa bilete. Kranglinga i dette distriktet er ein gamal tradisjon, mest utbreidd bland eldre, men det er ikkje gitt ut noko bok om det. Det vert nok ikkje einige om kven som skal skrive ho.

Om det vert meld om at Politiet har taua inn ein gjeng for bråk ein laurdag kveld, er det ikkje som i byen mest sannsynleg ungdommar og alkohol. Nei, i Valle har det mest sannsynleg vore møte i Soknerådet.

Men no er det altså brannvesenet. Om dei får den auka dei ber om for å ha vakttelefon med seg året rundt, vil det koste under 14.000,- ekstra i året pr. tilsett. Og det har ein som samfunn ikkje råd til?

Kunne det heller ikkje vore andre som kunne sagt opp i protest? Kvifor ikkje finansfolk, konsulentar, rådgjevarar og mellomleiarar? 15 av 16 mellomleiarar kunne av gått av i protest, og ingen hadde merka noko som helst, bortsett frå dei sjølve, og me som samfunn hadde spart millionar.

Setesdal Brannvesen er ikkje som andre brannvesen. Det kjem frå UNESCO-land. Dei er bærare av ein immateriell kulturarv. Ikkje alle sjølvsagt. Ein skal ikkje skjære alle over ein plog.

Men den tillitsvalde er te dømes folkedansar. Han kan og rope til nokon at dei må jumpe ut på brannseglet på så vakkert og klingande vallemål, at sjølv om det stend om liv og sekundar, og sjølv om den jumpande høyrde godt kva som vart rope, roper han attende: Kan du rope det ei gong te?

Og same mannen, og mange av dei 14 andre, kan nok kvede eit og anna når det trengs, og i det småsvidde jumperen treff seglet sluttar dei gjerne med eit fleirstemd sann!

Det er sjølvsagd hyggeleg å få applaus og åtgaum, men når ein sit der heime og ikkje tør dele ei flaske vin med kona ein laurdagskveld, fordi ein må være klar i tilfelle, då er det ingen som applauderer. Kan hende kona seier at du er ein helt, før ho sovnar av vinen som ho måtte drikke opp aleine.

Kva får ein att for auka godtgjersle. Jo, nøgde brannfolk. Og kven er det viktigaste i samfunnet? Jo det er dei som har fått applaus og vert sett på sett på som heltar, og om dei får lønsauke, kva så? Utgifta er forsvinnande liten i den store samanhengen, og ein kan samstundes krevje at produktet vert ytterlegare forbetra.

I dette høve må me kunne krevje at me må sjå at det er det lokale brannvesenet som kjem, som ikkje kan forvekslast med noko anna. Me må sjå og høyre at det er dei, og til dømes ikkje eit reservekorps frå Greipstad.

Dei må alle som ein gå til Husfliden i Valle, få piffa opp uniforma, få nokre krullar her og der, og ei skinnfu sjølvsagt. Brannbilane må få på seg striper i setesdalsfargane, og sirena på brannbilane må gå på stevtone. Det er ikkje noko problem. Den tillitsvalde er òg lydteknikar.

Så må me slutte å kalle dei for heltar. Heltar kan me alle være, i alle fall om me som samfunn tek oss råd til å gje dessa karane og kvenda, og folk i helsevesen og skule som me er så avhengige av, den løna dei fortener. Sann.

Vær den første til å kommentere

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Mission News Theme by Compete Themes.