Trykk “Enter” for å komme videre

Gåmålt or gåmålt or gåmålt

Camping? Nei, den vart lagt ned for 24 år sidan. Nei, me kan ikkje ta ned skiltet. Det må stå der i tilfelle nokon vil starte opp att.

Holet i vegen? Ja, det holet har alltid vore der. Det ska være so. Der datt gofa nedi på 50-talet, så det er mest som eit minne yvi han.

Jau, me treng auka folketal. Folk må flytte heim att. Alle dei som vaks upp her, må kome heim. Dei må kome heim og bu her, som dei gjorde før. Det var nokon som sa at nokon kanskje hadde tenkt på å flytte heim, så huset der lyt få stå.

Der vaks gofa ta nabogomes syskenborn upp. Ja, det rotnar, og gror mose på, og so er det. Nei, ein kan ikkje pusse det opp. Då øydelegg ein huset slik som det var, og fargen er så fin. Gofa sa den var fin, så då er den fin. Han var ein klok mann. Han arbeidde båe i skogen og kommunen og song i kor.

Jau, huset ligg i grøfta, og plent inni riksvegen, men huset kom fyrst. Det høyre heime der. Det har stått tomt i 70 år, men det er lagt ut for sal.

Ja, eg sat ein lapp i vindauget for 7 år sidan, heilt nede i det eine glaset. Eg skreiv med kulepenn, så det har falma noko, så ein kan mest inkje lese kva som stend. Og så har gardina glidd framføre, men det kan være det same. Ja, det ringde ein, men det kom så brått på. Eg skulle ringe upp att, men eg ville inkje mase.

Dei som reiste til Amerika, Me lyt tenke på dei. Tenk om dei kjem attende så er alt forandra, og dei inkje kjenner seg att, og så snur dei å reiser attende til Amerika? Det må alli skje.

Plukke sypel? Nei, det æ kommunen som ska gjere det. Me må inkje ta jobben frå dei. Dei må ha noko å ta seg te. Eg spurde for 12 år sidan om dei skulle rydde litt her. Tenk om dei kom hit og skulle plukke sypel, og så var det ikkje noko sypel her. Men det har vel inkje tid til å kome. Men det rotnar vel til slutt, eller bles bort med vinden, så det er inkje noko å bry seg med.

Kven som har ansvaret her? Nei, eg veit inkje, anten er det kommunen, elles så er det museet, eller så er det grunneigaren, men det veit eg inkje kven er. Men ein kan spør nokon, kan hende dei veit noko, om dei framleis leve. Om inkje dei leve, kan ein høyre ned naboen som he flutt, kan hende han finn noko på eit lopt.

Få fleire arbeidsplassar og betre kommuneøkonomien? Nei, det har me prøvd før. Men kommunen må gjere noko, eller staten, eller presten, kommunelegen, eller Gud sjave. Noko må skje og nokon må gjere noko, men inkje med ting som er her. Ein må gjere noko med utviklinga. Snu ho.

Alt var mykje betre før. Alt var betre når me var små. Då var alt gildt. Ja, det var et slit og, men det var eit godt slit. Livet skal være eit slit og eit strev. Det må inkje skli ut. Me må inkje byrje å gjere ting lettvint. Det er respektlaust overfor dei som he levd før okke.

Spindelvev på øyro? Å, ja. Ja, eg fekk det for nokre år sidan. Det er so praktisk. Det fangar opp alle flugun.

Alt skulle være som det var før. Tenk om tida kunne stått stille, men anten så kjem det nokon, eller så høyrer me noko, elles så flyr det ei fluge forbi. Og det bråkar so når den støyter i spindelveven. Alli fred å få.

Syner me fram rikdomen okkos, så kjem det folk her, og me mister kontrollen. Eg ska sitje på rikdomen min til rova slår rot yvi det. Folk utanifrå må ikkje få snusen på rikdomen her. Då kjem dei, og vil flutte hit, og taka over gard og grunn.

Ja, husa rotnar, bruka gror att, plogen rustar og jekslane rustar, men gåmål kjærleik til ein gåmål dal, det rustar alli.

 

Vær den første til å kommentere

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Mission News Theme by Compete Themes.