Trykk “Enter” for å komme videre

Bogesaga

Eg trengde ei bogesag. Den førre hadde eg lagt att på den førre plassen eg budde. Eg trur det er ein kultur for det, å legge att bogesaga når ein flytter. Kan hende fordi den ikkje er så lett å handtere i eit flyttelass, kan hende fordi dei vert slitt, og kan hende fordi det av ein eller annan grunn er ei sla gåve til den neste som kjem. Eg har mange gonger kika innom gamle fråflytta stader, og det er som om det alltid har hengd ei rusta bogesag på veggen.

Eg lyt gå innom Haugå Landhandel. Må alltid innom der og sjå fyrst, før ein eventuelt køyrer til Evje. På Evje har dei det meste, men det har dei òg på Haugå.

Eg leita mellom hyllene. Kika litt oppe og litt nede. Såg ei baufil, og mange andre reiskap. Eg fann mykje, men ikkje bogesag. Eg såg metermål, hageslange, skruer, tape, fargeblyantar, frosenpizza, garn, hengsler, brokkoli, ja og slik kunne eg ha fortsett, men det var bogesag eg skulle ha.

Eg måtte spør. Bak disken på Haugå er det no berre kvende over 40 år. Er du under 40 har du ikkje levd lenge nok til å vite om alt som er i hyllane. Kvenda bak disken har eit uttrykk som ikkje alltid fortel så mykje, nett som dei som sit med tombolaen på tivoli. Kan sjå litt keisamt ut, men dei veit dei sit på ein lykkestad.

Bogesag? Ja, jo, ho meinte at det kanskje var noko her inne. Ho gjekk inst i lokalet, innafor grønsakdisken ved den opne døra til lageret. Ho måtte fjerne ein stabel med bruskassar og nokre hovudkål. Bak der sto det nokre kostar, piassava og anna reiskap. Ho romstera noko.

Sjølvsagt hadde dei. Kvifor skulle dei ikkje det? Dei er jo en landhandel. Dei sel ting som folk treng. På landet treng ein bogesag.

Ho fann 2 bogar og 3 blad. Eg lyt sjølv finne ut kva som passa i hop. Eg såg på prisane. Prislappane var gamle, men dei hang på, og var leselege. Prisen for bladet var 39,-. Eg måtte sjekke ekstra at det ikkje var kome bort eit eittal eller noko, nei, det var 39,-. Det var ikkje noko å sei på prisen, eller det var vel nett det var.

Så var det bogen. Prislappen der var enda eldre, og meir slitt. 26,-. Jau, det sto 26,- kroner. Til saman 61,- kroner altså, for bogesag med blad, gode som nye. 61,- kroner.

Eg gjekk til disken og synte fram kva eg skulle ha. Ho var glad for at eg hadde funne noko som passa. Dei likar nøgde kundar. Eg sa kva prislappane synte, og sa at det var vel kan hende ikkje nett riktig pris? Prisane var vel frå 70-80-talet? Det måtte vel indeksregulerast? Kanskje hadde dei en tabell for slikt under disken? Nei, det hadde ikkje ein slik tabell, men eg kunne høyre med innehavaren. Ho kom på jobb om ikkje lenge.

Då eg kom ut av butikken måtte eg taka bilete av saga med butikken i bakgrunnen. Slikt som ein må gjere når ein har vunne i tombola, komme på tredjeplass i kretsmeisterskap eller står føre Eiffeltårnet. Medan eg sto der kom innehavaren.

Ho var særs nøgd med at eg hadde funne det eg skulle ha hjå dei. Prisen? Nei, den sto jo på. Men det var kan hende litt lite? Ja, det kunne godt være, men det var den som gjaldt. Det er slik det fungerer i butikkane, svara ho.

Eg takka for avklåringa, og lurte ei augneblink på om eg hadde kaupt ein vare, eller berre hjelpe dei i å rydde på lageret. Der sto eg altså våren 2021 med ei oransje bogesag frå 70-talet. Nykaupt.

Eit par dagar etter måtte eg ha ei rive. Eg gjekk inst i butikken og var førebudd for å sjå bak dører, bruskassar og hovudkål, men då eg kom dit såg eg at det var litt for mykje å flytte på for ein kunde, så eg gjekk til disken.

Rive? Ja, dei står der. Ved enden av disken sto nokre heilt nye river, 1 meter innafor inngangsdøra. Ja, dei såg bra ut dei. Og kva kosta riva? 199,-? Så mykje? tok eg meg i å tenke, før eg kom på at det var jo ein normal pris i 2021. Eg betalte med glede.

Haugå Landhandel er eit meisterverk. Dei klarar å ha to reiskap med to vidt ulike prisar i butikken samstundes, og ha to tankar i hovudet samstundes. Nemleg å take vare på det gamle, og samstundes taka inn nytt. Ein balansekunst, og på mange måtar eit førebilete for sitt distrikt.

Vær den første til å kommentere

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Mission News Theme by Compete Themes.