Trykk “Enter” for å komme videre

Men me har jo fjorden

– Det er heilt vonlaust.

– Ja, det har vore slik i alle år.

– Har det?

– Ja, i alle år. Så lenge eg kan hugse.

– Ja, det er vonlaust.

– Det var ikkje bra. Har de freista å gjere noko med det?

– Ja, eg har sagt ifrå.

– Så bra, når då?

– Ja, det var vel for 7-8 år sidan.

– Ja, og eg tala med ein i fjor som skulle gjere noko.

– Men kan de ikkje høyre med dei att då?

– Ja, men han sa jo han skulle gjere noko med det.

– Dei vil i alle fall ikkje gjere noko om ein masar.

– Ja, men kan me ikkje ta å invitere til eit møte då, og ta opp saka?

– Eit møte?

– Men då må det ikkje bli eit dårleg møte. Ein kan ikkje berre innkalle folk, og så vert det berre negativt.

– Men me kan jo byrje med å skrive ein invitasjon.

– Ja, ein må jo seie ifrå at det skal være eit møte, om ein vil at folk skal kome.

– Vil de skrive, eller skal eg gjere det?

– Nei, eg kan gjere det.

– Ja, han kan gjere det. Han kan skrive.

– Ja, men det må være ein ordentleg invitasjon. Folk kjem ikkje om dei ikkje skjøner kva som står i invitasjonen.

– Ja, slik kan me ikkje ha det. Det er ille nok som det er.

– Bra, når kan de ha invitasjonen klar då?

– Eg kan ikkje love noko. Om ikkje invitasjonen vert god, så kan eg ikkje levere frå meg ein dårleg invitasjon som folk skal lese

– Ja, men eg eller nokon annan kan jo lese korrektur.

– Nei, det går ikkje. For då kan folk lese det som ein invitasjon på ordentleg, og så kjem ting på avveg.

– Men sei ifrå om det er noko eg kan hjelpe til med då.

– Eg må gjere det sjølv.

– Ja, og så må me finne ein dato.

– Ja, men det må jo passe for folk. Me kan ikkje sette opp ein dato, og så er det ingen som kjem.

– Nei, men me kan sette opp eit par forslag til datoar då.

– Nei, men tenk om ingen kan nokre av dei.

– Nei, men det er jo det me må finne ut av.

– Om ikkje det kjem så mange, vert det så stusseleg, og gir ikkje noko meining.

– Nokre likar ikkje å gå i møte. Det er mest uhøfleg å invitere dei.

– Nei, men då kan dei sende inn si meining skriftleg då?

– Nei, me kan ikkje tvinge folk til å skrive om dei ikkje vil.

– Nei, men ein må i alle fall opne opp for at alle kan bli høyrd.

– Ja, men ein kan ikkje tvinge folk til å seie ifrå så folk høyrer det.

– Ja, og om det no kjem folk, og folk seier ifrå, så kan det skli ut, med usaklege ting, og det vert ikkje noko greitt. Og så får me skulda.

– Men det er jo berre å ha ei møteleiing.

– Det ville ikkje vore noko bra om det vart slik. Då kan me berre legge oss ned for å døy.

– Ja, då har det ikkje noko hensikt, og me skal alle døy te slutt.

– Ja, men det kjem jo folk etter åkke.

– Ja, men dei skal døy dei og.

– Den einaste grunnen til å halde seg i live, er at ein lyt stille opp i gravferda til kvarandre.

– Om eg døyr før de vil eg berre seie dykk: Fred over dykkar minne.

– Ja, takk i like så. Fred over dykkar minne òg.

– Ja, fred over åkkas minne. Amen.

Vær den første til å kommentere

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Mission News Theme by Compete Themes.