Trykk “Enter” for å komme videre

Bladfykvegen

Sigurd Haugsgjerd heiter en mann. Han har vore redaktør i avisa Setesdølen sidan mars 1976, og er det framleis no i 2022. Kva får ein mann til å ha den same jobben i 46 år? Noko må det være. Det må være noko. Noko som er så gildt at det ikkje er grunn til byte. Noko med jobben? Noko med kollegaene? Nei, det er ikkje det. Svaret ligg nok i vegen. Svaret er vegen. Riksveg nr. 9. Den han køyrer kvar dag mellom heimen i Grendi og kontoret i Bygland.

Har du køyrd den vegen nokre gonger skjønar du kvifor. Det er dette stykket på 18 kilometer av riksvegens totale lengde på 235 km, der vegen gjeng frå Kristiansand i sør, til Haukeligrend i nord. Ein heilt ordinær veg i det store og heile. Men det er altså dette stykket, kor vegen liksom buktar seg mjukt, att og fram, opp og ned, liksom duvande.

Kjem du frå sør er det som det er noko som slepp taket når du passerer Grendi. Ein liten stad med nokre få hus, ei kyrkje og ein nedlagd butikk med nokre bensinpumper. Staden er òg base for fartskontrollar. Det slår vel òg inn for nokre.

I fyrste sving etter er det slutt på 60-sona. Der kan ein sleppe opp farten, og så byrjar buktinga, duvinga, og kjensla. Kva er det som skjer? Nei, sei det. Vegen er berre bygd slik. Den går attmed fjorden. Det er vel ikkje noko særmerkt i det. Det er slik naturen er her, og vegen føyer seg.

Det er altså 80-sone, men om lag 70 er vel høveleg fart. Eller 60 på dei finaste dagane, om du ikkje stoppar heilt opp då. Når det er mørkt høver det kan hende meir å køyre 80, eller oppunder 90. Det kjem an på kor mørkt det er.

På høgre sida av vegen er det skrånande fjell med tett skog. Stadig med nokre små skogsbilvegar oppigjennom, nokre hytter, nokre hus, og nokre ymse.

På venstre sida av vegen ligg den store spegelen. Byglandsfjorden, i frå ein til eit par kilometers breidde. Ein fjord som med sin speglande funksjon gjer at alt med den og rundt allstøtt er vent, uavhengig av været, og kan hende mest tiltalande på gråvêrsdagar.

Det er ikkje ein fjord med mykje bylgjer. Bylgjene ligg mest i landskapet, i konturane i terrenget, og i silhuettane oppimot himmelen i nokre hundre meters høgde.

Stundom kjem låge skydottar sigande frå ingen plassar. Dei ligg i høveleg høgde og speglar seg i vatnet, medan dei endrar seg kontinuerleg, saktare og raskare, alt ettersom, før dei driv, stig og vert borte.

Eller kan hende det er du som vert borte, i Fånefjellstunnelen. Her har vegen gått ulike stader rundt fjellet. Fyrst over i ulike trasear og traversar, så i ei skjering på fjordsida, og no i tunnel. I den køyrer du i ei slak stigning med veghistorie rundt og over på alle kantar.

Så får du den yndige Lauvdalsbygda på høgre side medan du køyrer i dalens lengste sving, men den har ein slutt til slutt, og det har òg vegen. I Byglandsbygda kjem du fyrst til ei 70-sone, og så ei 60. Her skal bladfyken av til høgre, og du kan snu å køyre attende at, som bladfyken gjer når han skal heim. Eller du kan halde fram nokre kilometer til neste fjord. Der er ein anna veg, av den same vegen.

Vær den første til å kommentere

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Mission News Theme by Compete Themes.