Trykk “Enter” for å komme videre

Tru, von og veikskap

Dei som ikkje trudde på krigen må gå i seg sjølv. Journalistar, redaktørar, forfattarar, sosiologar, samfunnsvitarar, historikarar, professorar, forskarar, vitskapsmenn, fredsmeklarar, biskopar, vaksne, ungdomar, småbarnsmødrer og fedrar, og alle som tilhøyrar venstresida må gå i seg sjølv.

Ikkje berre må dei gå i seg sjølv. Dei må sjå seg sjølv i spegelen. Ikkje berre må dei må sjå seg sjølv i spegelen. Dei må tenkje seg om. Om kva dei ser, og kven dei er. Kva ser dei i spegelen? Kva tykkjer dei om det dei ser? Det er slik dei ser ut frå aire sida, og det ser ikkje bra ut.

Og det er nett det, at det må verte slutt på å sjå ting frå aire sida. Det er eit teikn på veikskap, og det er slik det byrjar å gå gale. Byrjar du å sjå ting frå aire sida, er det nett det det er, ei byrjing. Så les du ting frå aire sida, så høyrer du ting får aire sida, og så forstår du ting frå aire sida, og før du veit ordet av det så forstår du dei på den aire sida, og då er du nett som fienden. Vil du være ein fiende? Er det det du vil? Tenk deg om!

Me må samle oss no. Me må stå saman. No må me ikkje vise veikskap. Me må finne flokken vår, den store flokken som me alle er ein del av. No må me stå saman, og stå for det same. Å stå for det same saman tyder samhald. Samhald gjer sterk. Me må stå saman, og gå saman. Me må gå saman same vegen, ikkje bakover, ikkje til høgre og slett ikkje til venstre, men rett fram.

Me må gje vårt. Me må gje hjelp. Me må sende klede, medisinsk utstyr, hjelmar, skudsikre vestar, handvåpen, antiluftskyts, handgranatar, kuler, krut og små bomber. Me kan ikkje sende atombomber, for det har me ikkje. Men me kan sende dokumentasjon på vårt arbeid som fredsmeklarar og ambassadørar for menneskerettar, demokrati, mellommenneskeleg forståing og alt som høyrer til.

Det er krig no. Det er ikkje tida for å tenkje, tvile og drøfte. No må me samle oss, og samle oss om krigen. Det er inga tid for sjølvstende. Ingen må lure. Me må gå den same vegen. Me kan ikkje gå aire vegar, småvegar, stiar, og blindvegar. Me må gå her, på den breie vegen rett fram. Saman er me dynamitt. Saman er me kular og krut og daude.

Me må stå saman i krigen mot invasjonen, mot diktaturet, mot undertrykkinga og einsrettinga. Det er det me må.

Vær den første til å kommentere

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Mission News Theme by Compete Themes.