Trykk “Enter” for å komme videre

79 motbakkar du kan glede deg over i livet

Det er ulike vis å leve liva på. Ein skilnad er å gjere ting så lett og så enkelt som mogeleg, eller titt å oppsøke det vanskelege og utfordrande. Det siste er sjølvsagt det mest krevjande, då ei føresetnad for å lykkast er at ein legg lista passe høgt, slik at ein kjem godt ut av det.

Ein annan retning er å velje det som ingen har gjort før, finne si nisje, si greie, halde fast på det, bli god på det, fylgje magekjensla, og trasse alle dei som seier at det ikkje gjeng an, at ein må gjere noko anna, eller gjere det på ein annan måte. Ein slik tru på seg sjølv krev styrke og gjer ofte godt resultat. Som til dømes som ein forfattar som ikkje høyrer på ein forleggar som meiner at ein må ha såkalla korrekt teiknsetting og normera språk, og i staden skriv slik han føler for, utan omsyn til press utanifrå. Slikt kan føre mykje bra med seg. Det gjorde det for Jon Fosse, som til slutt fekk Nobelprisen i litteratur.

No er ikkje boka «Setesdal på tvers» noko kandidat til Nobel sin litteraturpris, til det er det for få jurymedlem som er ihuga motbakkesyklistar, men det er ei bok som gjer stor glede for dei som er riktig gira. Ein kan godt ha med seg inspirasjon frå litteraturen når ein skal sykle opp bratte motbakkar i lausgrus der ingen skulle tru at noko ville sykle, som frå filosofen og fjellklatraren Peter Wessel Zapffe, som kom seg opp bratte fjellveggar, der ein ikkje kunne kome til med sykkel, og som forfattaren av denne aktuelle boka er inspirera av.

Rune Høigaard er idrettsprofessor på Universitetet i Agder, og kan det meste om trening, kropp, psyke, motivasjon, motorikk, restitusjon osb., noko som kjem klart fram i prologen, den største motbakka i boka for mine del, der han skriv om watt, terskelwatt, FTP osb, som dei fleste ikkje tenker så mykje på når dei syklar til og frå jobb og anna. Det tenkte sikkert heller ikkje mora hans på, som kom frå Straume i Valle, og som hadde sykkel som framkomemiddel gjennom heile livet til ho nærma seg 90 år, og som er eit av førebileta for forfattaren.

Til Straume kom Rune på sumarferie i barndommen, og fast rutine var å gange dei lange dryge kleivene opp til Mjåvatnet, og vidare inn til Straumsfjorden, ei perle i Setesdal Austhei. Når ein kjenner til det området, skjønar ein godt at forfattaren tidleg fekk inn at etter lange dryge motbakkar kan du kome til ditt paradis. Strevar du får du løn. Dette er nok forfattarens indre motor for å drive med motbakkar, og i neste omgang å ta for seg motbakkane i Setesdal, dei som gjeng frå riksvegen og opp på heiane i aust og vest, slik som den som gjeng opp på Straumsheia, og som ein i dag kan sykle.

I hundrevis av år var det desse vegane setesdølane gjekk når dei skulle på heia om sumaren, drive stølsdrift, gå på jakt sumar som vinter, hente høyet til garden på sledeføre, og ture til nabodalen for å slåst eller finne seg make. I gamle dagar gjekk setesdølane meir aust-vest, enn nord-sør, så det er på sett og vis ein gåmål kultur som her vert teken opp att, berre på ein annan planet.

Forfattaren har altså sykla og loggføra heile 79 motbakkar frå Evje i sør til Hovden i nord, heile lange Setesdalen opp. Eg vil anta at det stort sett er som stopp på bilturen opp eller ned frå hytta på Hovden, ein tur som dei fleste vil gjere så fort som rå, av de dei ikkje ser alle godbitane mellom, i motsetnad til forfattaren. Han har fortapa seg i desse bakkene, nokre meir enn andre, og omtala av enkelte svingar og kurvar er på høgde med omtale av dei vakraste og smekraste lekam i skjønnlitteraturen, men ein lyt då legge til at forfattaren er godt gift og har born. Dei har òg har vore bidragsytarar til boka, men ikkje nett i desse delane.

Til alle dei 79 bakkane er det namn på veg, lengde, høgdemeter, max stigning, omtale av sjølve vegen med underlag og omgjevnader, og ofte med gode råd om korleis ein skal angripe bakken og sigre over han. Mykje bilete er det òg, alt frå mindre detaljar langs vegen, til fine naturbilete og bilete av gardar og kulturlandskap. Kartblad for kvart enkelt bakkeområde fylgjer med, og alt er veldig oversiktleg. Forfattaren er ikkje berre syklist, han er òg pedagog, ein særs god ein. Å lese denne boka er ikkje noko motbakkelesnad.

For dei som er glade i å sykle, særskilt i motbakkar, kriblar det nok i beina i omtalen av desse bakkane. For dei som er middels glade i å sykle, og ikkje så glade i motbakkar, kan ein bli sliten berre av å lese, og for enkelte sikkert ende med krampe i båe leggane. Ring i så fall forfattaren og få hjelp til uttøying.

I slutten av boka er det lista opp sykkellitteratur, etter ulike kategoriar, i grupper på 10. Etter å ha lese dei 10 fyrste kan ein tenkje at det var alt, men så kjem det 10 til, og så 10 til, og så 10 til og så bortetter. Her er det nok til at ein kunne etablere eit eige sykkelbibliotek, noko som kan hende forfattaren alt har. Og så ser ein at det er fleire her i verda som skriv om å sykle i motbakkar, så kan hende dei har sin eigen foreining med internasjonale konferansar anna kvart år for alt eg veit. Og folk som syklar i motbakkar er òg god underhaldning, som ein ser på TV frå Tour de France.

Til slutt kjem det ei liste på 10 matrettar som ei kan ete både før og etter å ha sykla, og det er jo det meste, for ikkje å seie alt som ein elles kan ete. Det er Setesdal sin eigen matguru, Margit Dale, som kjem med råda. Eg vil tippe at ho ikkje har kome fram til dei på vitskapeleg vis med å sykle før og etter etinga, slik som forfattaren nok ville gjort det.

Som ein bonus er det på slutten av boka nokre sider kor ein kan gjere sine eigne bakke-notat. No er det vel ingen bakkar att i Setesdal som ikkje forfattaren har sykla, men ein kan vel være heldig å finne ein liten stubb her eller der. Det hender jo òg at det kjem nye vegar til. Og denne meldaren bur på toppen av ein av desse 79, og syklar han stadig vekk, så noko kan det vel være å notere. Fleire av dei andre bakkane er òg forsera, men dei fleste er ukjende, og dei lokkar, og sidan mange av dei er stengde bomvegar, er det berre sykkel eller føter som gjeld.

Dette er på sett og vis ei nerdebok, men samstundes er det òg ei bok om livet, og den gleda ein kan finne i det andre berre forserer på nokre sekund. Men om ein ser seg omkring, stoggar og går seg ein tur, ser på kartet, finn ein veg, finn ein sti, og tar seg oppover eit bel, og kan hende lenger, og litt lenger og opp til toppen og til endes, så vil ein både undervegs, og når ein kjem fram, få opplevingar som set seg i deg. Då vil ein kunne kome fram til makelause Straumsfjorden, eller til ein annan fjord, eit anna vatn, eller til eit heieområde som opnar seg og som du ikkje visste um.

Denne boka skal ligge framme i Stoga, til stor glede for dei som blar i han, og les i han, og som byrjar å røe med den eine og den andre, om det eine og det andre frå denne livsglade boka. Og du treng ikkje være særskilt interessera i korkje sykling eller i motbakkar, men noko kjennskap til Setesdal er ein fordel, om du tenkjer å investere i denne boka, som eg kan tilrå på det brattaste.

Olav Grendstad

«Setesdal på tvers»

(Ein sykkelklatrefører for Setesdal)

Rune Høigaard

Coppi Press

215 sider

Rune.coppi.hoigaard@gmail.com

 

 

Vær den første til å kommentere

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Mission News Theme by Compete Themes.